Lykke er..
.. Å ikkje kome opp i matteeksamen
Derfor er eg no utruleg lykkeleg! Fekk nemleg beskjed om at me ikkje kom opp i skrifteleg eksamen! Livet er bra!

Ellers er det ganske lenge sidan eg har blogga, og når folk har byrja å telje dagar sidan sist, er det kanskje på tide å skrive litt igjen. Det vert ikkje akkurat no sidan eg verken har tid eller noko å skrive om. Det er tirsdag og parveke, noko som betyr longdag og kjøkken. I dag er det Chili con carne som står på menyen, så hadebra!
Når eg først er her...
Så tenkte eg å slenge inn eit innlegg berre for å plage. Du les no det fantastiske innlegget skreve av Amanda, som forresten ikkje kjem til å bli eit fantastisk innlegg uansett, hehe.
Eg sit no på klasserommet, men eg gjer eigentleg ingenting fordi at læraren har stukke av! Neida, halve klassa er på eit anna bygg for å lage hudkrem.. MEN, medan eg gjorde ingenting så fekk eg eit spørsmål frå Ann-Helen om å legge inn profilbilde på bloggen hennar! :D Å sidan eg då allereie var her, tenkte eg å slenge inn eit lite innlegg..
Men sann halveis i innlegget har eg no forstått at eg ikkje har noko å skrive, hehe.
Eigentleg so veit vell ingen av dykk kven eg er, men eg er då ei jente frå Ørsta. Som prøvar sitt beste på å skrive nynorsk her, eg må seie det at Ann-Helen er ekstremt mykje flinkare, men eg prøvar jo! Eg har kjent Ann-Helen i sånn ca.. 4-5 år? Huskar nesten ikkje, er så lenge :O Men vi har vertfall vore bestevenar sida, trur eg, viss ho vil da, neida, vi er det! :) <3
Så skulle eg ønske eg hadde eit bilete av oss to ilag, men så har eg faktisk ingen.. :o Så det får halde med eit nydeleg bilete av Ann-Helen, hihi <3

Er ho ikkje dritpen så veit ikkje eg altså!
Til slutt vil eg beklage for å trenge meg inn på bloggen din Ann-Helen, Love you
Klem fra Amanda
Ufrivillig snøbad
Det var det eg starta dagen min med. Eit friskt, kaldt og vått snøbad. -Ufrivillig sjølvsagt. Sprang så lett (les: kraup og kava) opp den bratte bakken som ein gong har vore ei rås, og skulle rekke bussen i dag tidleg. Trudde eg hadde dårleg tid sidan eg haurde ein stor bil i det fjerne, så eg tenkte eg skulle vere lur å ta kortaste vegen, noko som ikkje var lurt i det heile. Når eg kom akkurat langt nok opp i bakken, innsåg eg at det ikkje var bussen eg høyrde, det var nemleg brøytebilen. Dette innsåg eg sjølvsagt alt for seint, så eg drog skjerfet over haudet og håpte at eg ikkje var så langt oppe at snøven kom til å treffe meg. Atter ein gong tok eg sjølvsagt feil, og vart begravd levande. Når eg endeleg hadde greve meg opp, stod eg so pass lenge å venta at eg hadde hatt tid til å gå rundt. Hærleg ♥
Her ser de omlag kvar eg låg i det min gode ven, Brøytebilen, grov meg ned. Berre elskar at det har snøva i heile natt!

I morgon dreg eg forresten på skuletur til Polen og Tyskland. Kan ikkje sei at eg verkeleg gler meg akkurat, men det vert nok kjekt. Skulle eigentleg pakke i helga, men det vart aldri noko av, så er vel kanskje på tide å byrje?
Dagens tips, aldri tru at du kan noko
Det gjorde nemleg eg, heilt til me fekk utlevert matteprøva i dag tidleg. Eg er jo eigentlig vand med å ikkje få til matte, men så gale trur eg aldri at det har gått før. Uheldigvis er matte eit av dei to faga me kan kome opp i til eksamen i år, og med min flaks, kjem det nok til å skje.
Uansett. I dag køyrde eg og Therese til skulen, noko som i følge 1881.no er 30 km, altso 3 mil. Tenkte eg måtte gjere det om, sidan omgering var det einaste eg fekk til på matteprøva. Og ja, me køyrde sjølvsagt i 45 -50 km/t. Me var eigentleg sikre på at me ikkje kom til å kome tidsnok til skulen, men etter 45 minutt og litt naglebit kom me altso fram, i tide. Grunnen til at me tok scooter er altso at me har langdag og gym i dag, noko som vil seie at me må vente i 45 minutt på bussen etter skulen. Hærleg å ver ferdig så seint, og i tillegg må vente sopass lenge på bussen. Kjem vanlegvis ikkje heim før i 5-tida, men i dag er eg heime nesten ein time før.
Har ikkje noko anna bilete, så eg tok eit Therese hadde lagt ut. Min scooter er den finaste av dei, nemleg den bakerste. Ehe.. 
Bra start på dagen
I dag starta eg dagen med å slumre alarmen eit par gongar for mykje. Har eigentleg bestemt meg for å slutte med det, men det skjer alltid uansett. Stod i alle fall opp mykje seinare en eg burde, og hadde eigentleg ganske dårleg tid. I det eg såg meg i spegelen såg eg også at eg hadde mista piercingen, og måtte då opp på loftet å leite etter den. Fant den til slutt, men kom ned att til låst dør på badet. Tenkte at eg kunne gjere meg ferdig på kjøkkenet medan eg venta, og endte då opp med å skjere meg på brødkniven. Måtte til slutt spurte opp den bratte bakken der det ein gong har vore ei rås og vart derfor våt på føtene. Med andre ord ein ganske bra start på dagen. Om dagen fortsett slik, passar det ganske bra med ei gymprøve på 60 sider seinare. Eller?
Heldigvis vart alt mykje betre når eg kom på bussen, og fekk høyre om drøymen hennar Therese. I natt har ho nemleg våre med i eit flykræsj etterfulgt av cruise med både Harry Potter, Voldemort og Hermine. 
Klar for første trening!
Susar no av garde på vår første trening som fotballtrenarar. Har forresten på oss heilt like gensarar, noko som eigentleg er ganske pinleg. Wish us luck!

Den beste delen av ein langdag
I skrivandes stund sit eg på bussen på veg heim. Den beste delen med langdagar. Har vore på kjøkkenet dei fire siste timane, og eg skulle sjølvsagt lage middagen. Dei kunne verkeleg ikkje funne nokon verre til det. Kom heldigvis i mål til slutt, litt (les: ein god del) seinare ein dei andre.

Har også funne fram converse skoa mine og nyt hærlege vêret som har vore i det siste.
Har eg forresten nevnt at eg har vorte fotballtrenar? Eg og Birte skal nemleg trene jentene i 14 års klassa på dalsfjorden fk. Dette kan verte artigt. Men no er det snart på tide å hoppe av bussen, så heydå!
Scootertur
Har no fått på meg skibuksa og dunjakka og er klar til scootertur med tausa. Har jo tross alt øvd til prøve ein heil halvtime.

Fortsatt låst telefon og oppvask
No er eg på besøk med Pernillå. Me skulle eigentleg ha ein skikkeleg heftig simsdate, men har ikkje komt i gong enno. I staden har me (les: ho) laga brownies og held no på å vaske opp. Eg der i mot har sett meg ned med dei 28 A4 sidene, (for nei, det var ikkje overdriving når ho klaga si nød til alle ho har på facebook, om ho kjenner dei eller ikkje) og har allereie testa 35 koder, så då er det berre 9855 koder att. Dette går som det suusar! 
Pernille går forresten rundt og undar seg over kvifor ho ikkje har fast fylgje, ho er nemleg veldig flink til både å bake og å vaske opp. Synge og spele piano kan ho også. Så om du vil at ho skal vaske opp eller synge ein song til deg, ta kontakt på tlf. 91 32 84 50. Hennar einaste kriterier er at du må 1. kunne å danse swing og 2. å spele kontrabass. Så kan nettopp du dette, ta kontakt! Om du er eit akademisk geni eller noko anna, kan krava senkast.

Du må også like tal, sidan dykkar 5 første stevnemøter kjem til å bestå av nettopp dette. 5 koder i stillheit, og 30 sekund med prating. Så grip sjangsen, ho er jo tross alt søt.
Skiweekend og gløymte koder
Lenge sidan sist. Igjen. Må verkeleg skjerpe meg, men då treng eg noko å blogge om, så er det nokon som har eit forslag?
Har i grunnen ikkje gjort så mykje sidan sist heller. Veka etter utplasseringa var det vinterferie, noko som var heilt hærleg! Marielle feira bursdagen sin første helga i ferien, og då var me på bowling i ørsta. Veldig bra kvalitet på bileta. Mobilkamera. ♥ Hadde til og med tatt med meg speilrefleksen denne kvelden, men minnekortet stod sjølvsagt att i datamaskina mi heime, noko som har skjedd alt for ofte i det siste.

Siste helga i ferien var eg på skiweekend og gjekk på ski, rann på akebrett og slikt, saman med kjekke folk. 


Der fekk eg sjå, og for sovidt høyre att dette, noko eg var vant med å høyre kvar dag i 10. klasse.

Lo også høgt av Pernille halve helga, sidan ho har greidd å låse telefonen sin. Fekk verkeleg att då me kom på ferja og eg ikkje hugsa koda på kortet mitt. Eg kom heldigvis på mitt, medan ho no går rundt med sin gode, gamle (!) Benji. Haha
Utanom eit koseleg besøk av Vilde og biltur med tanta mi, var vel det i korte trekk vinterferien min. Noko lang tekst for de klare dykk utan. No skal eg skrive ferdig ein rapport om utplasseringa for to veker sidan, så eg har mindre å gjer i morgon. Skal sove lenge og nyyte fridagen, eller studiedag som nokre også kallar det.
Utplassering og strikkaklovnar
Skulle liksom skjerpe blogginga mi, noko som sjølvsagt ikkje vart noko av.
Har pause no, så eg tenkte at eg kunne slenge inn eit lite mobilinnlegg. Er nemmeleg på utplassering denne veka, og har valgt å jobbe på Ulvestad skule, som er den skulen eg sjølv gjekk på til eg byrja på ungdomsskulen. Trivst i alle fall, og synest at det har vore artigt å prøve seg som.lærar. Heile veka har suust av garde, og plutseleg er det fredag. At veka har vore so kort, har kanskje noko med at eg hadde fri på onsdag, menmen
Ellers har ho Birte fått lappen, og då måtte me sjølvsagt på biltur. Endte opp med at me for ut i Syvden og kjøpte sjokolade. Ho fekk også låne bilen min, sidan ho ikkje har høgtalarar som kan overdøyve mumlinga mi eingong. Og ja, då er det verkeleg gale.

Har også strikka ferdig min andre klovn, nesten i alle fall. For ja, eg strikkar fortsatt klovnar. Nokon hugsar kanskje at eg skreiv eit innlegg om det tidlegare?


Haha, med litt meir trening trur eg at det kan verte ganske bra. Oldemora mi strikka så mange slike, så det er grunnen til at eg har byrja. Synst i grunnen at det er ganske artigt, eg likar jo å strikke, så kvifor ikkje?
I dag har ho besta bursdag, så då skal eg ein tur ned på besøk før eg skal på musikalen til musikklinja saman med Birte. Har høyrt at den er veldig bra, så eg gler meg veldig. Pernille skal jo danse, så det må jo berre verte bra!
Snart er det klart for kafé, sånn som skulen her brukar å lage til av og til. Har ikkje vore med sidan eg gjekk på skulen her sjølv, så eg gler meg skikkeleg.
GRATULERER MED DAGEN
Etter å ha telt dagar og timar i over eit år, er endeleg dagen du har venta så lenge på her, GRATULERER SÅ MYKJE MED 18 ÅRSDAGEN DIN BIRTE! Håpar at du har kosa deg mykje og hatt ein kjempebra dag. Eg er utruleg glad i deg.
Mykje lykke til med oppkøyringa i morgon, gler meg til me skal ut å farte i han Pål. Du får forresten gåva di i morgong, så du bør gle deg. Har ikkje så mykje meir å seie, så eg har funne nåkre fine bileter i staden.


Haha, favorittbiletet mitt.




Ser forresten at eg ikkje har blogga på 13 dagar, og at forige innlegg også var eit "gratulerer med dagen" -innlegg. På tide å skjerpe seg med blogginga kanskje?
Betre seint enn aldri ?
I går hadde ei av verdens beste jenter bursdag. Therese vart 17 år og stoor jente!
Derfor var me på butikken og kjøpte kake. Endte opp med den til venstre på eit av bileta nedanfor, og den var veldig god! Eller hur, Therese? Etterpå gjekk me opp på klasseromet og hadde ein skikkeleg kakefest! Neida, men koseleg, det var det!
Fant ein del fine bileter av oss, ikkje enkelt å plukke ut berre nokre få, men så fine bileter kan ein ikkje få nok av, meiner eg! 
Eg og Amanda laga bursdagskrune. 







Ulik størrelsar på bileta, men men. Er i alle fall veldig glad i deg vennen! ♥ ♥
Skulle eigentleg skrive dette i går, men betre seint en aldri. Eller?
31012012
Sol og blå himmel, skjønt! Det som er mindre skjønt, er at fortsatt er på skule. Som eg skreiv i går har me longdag, og er på skule til klokka fire. Når eg kjem heim er klokka nesten fem, og då rekk eg å ete middag og sove litt før det er korps.
Therese la forresten ut eit lekkert bilete av meg og Pernille på bloggen sin, så eg stjal det. Dette er frå fredag når me skulle til å sitje i boblebad. Og ja, det var sjølvsagt planlagt å matche.
Corebar
Horribelt. Det er det ordet som best beskriv treninga i dag. Neida. Eller, jo. Det er i alle fall godt at det er ei heil veke til neste gong.


I morgon er det tirsdag, utan kjøkken. Den verste dagen i veka. Menmen, det er berre fire dagar til helg, heldigvis!
Dårleg tapar
Helga har sust av garde! Fredag hadde eg besøk av Therese og Pernille, me laga muffins, gjekk tur og satt i boblebad. Veldig koseleg! Laurdagen var det bygdakveld, noko som ikkje var så gale før ho Pernille for. Då vart det plutseleg grusomt kjedeleg.
I går hadde eg besøk av ho her. Me spelte monopol, og ho knuste meg skikkelig, det var gørr kjedeleg. 

Spesielt då eg måtte gi frå meg alt eg hadde. Sat att med 40 kroner eller noko. Dårleg tapar? Ja.. Men til mitt forsvar, so juksar ho. Mykje.
Brownie cookies og tannlegen
Nok ein gong har det gått alt for lenge sidan eg har blogga. Har funne problemet mitt -at eg nesten aldri gjer på noko som helst, noko som er noko å blogge om i alle fall.
På laurdag der i mot var eg på besøk med ho Birte og laga brownie cookies. Dei vart sjølvsagt veldig gode! Etterpå kom ho Marielle og såg film saman med oss.


Seinare for eg inn til mormora. Skulle overnatte der, sidan foreldra var på syskjenbarntreff og ikkje kunne køyre meg heim att.
I morgon skal eg sove lenge, heilt til hall åtte. Eg skal nemleg til tannlegen. Kan ikkje seie at eg gler meg noko særleg, men sidan ingen er heime og kan køyre meg, slepp eg skule etterpå. Kanskje ikkje så gale likevel.
Sidan fantasien har forsvunne heilt for tida, gidd eg ikkje å skrive meir. Latskap. God natt!
Flinke kokkar
Her er alt som det brukar å vere. Inga blogging på fleire dagar. Lise har klaga så felt, at eg tenkte at eg kunne skrive litt.
Sidan eg eigentleg ikkje har mykje å skrive om, kan eg vel skryte litt av meg sjølv. Og Therese, sjølvsagt. Gruppa vår fekk i oppgåve å lage potetball og alt som høyrer med til middag på skulen i går. Annan kvar tirsdag er nemleg klassa vår på kjøkkenet dei fire siste timane, noko som gjer longdagane litt kortare.
Til å begynne med såg ikkje me særleg lyst på det verken eg eller ho Therese, me kan jo ikkje akkurat å lage mat, men dei var i grunnen ganske gode. 


Til og med ho Lise, som et ball oftare enn det regnar på Sunnmøre, synest dei var ok, trur eg. Det såg i alle fall slik ut, så satsar på at dei ikkje var så alt for gale.
Nytt design
Ann-Helen gjer ting ho ikkje kan.
Har no dreve å ordna nytt design. Har sjølvsagt ikkje laga det sjølv, det har Silje Lien gjort. Eg hadde nok ikkje fått det til om eg hadde prøvd aldri så mykje. Header , profilbilde og "om meg" kjem forresten seinare.
I gårkveld hadde eg besøk av ho Pernille. Me laga lasagne, såg Ulvesommer og pakka opp små pakkar med viskelêr og twist.
Helga har gått skikkeleg fort, og plutseleg er det søndag. I dag har eg vore ned med besteforeldra på familie middag. Kvart år lagar besta kalkun til middag. Det brukar å vere ein av dagane etter jul, men sidan me var utan straum heile jula, har det ikkje blitt noko av før i dag. Koseleg var det i alle fall uansett.
Hadde bildeopplastaren virka som den skal, kunne eg lagt til eit par bilete, men det for helder berre vere. No er det snart natta slik at eg kjem meg opp og rekk bussen i morgon.
Sidan sist
Tenkte eg kunne skrive litt om kva eg har gjort på sidan sist eg blogga, sjølv om det ikkje er så forferdeleg mykje.
Julafta feira eg som sagt inn med onkelen min saman med familia, mormora og nokre av onklane, tantene og søskenbarna mine. Det var i grunnen veldeg koseleg.


Haha, veldig fint bilete, men me spelte i allefall Alias.
Me for heim igjen 1. juledag, og kom då heim til mørklagt hus. Dagmar herja rundt som berre det, og for med både straum og julestemning. Jaja, koseleg hadde me det i grunnen uansett, sidan både eg og mor mi er veldig glade i stearinlys, men fire dagar utan straum vert litt for mykje. 

Har også hatt besøk av ho her nokre gongar, noko som alltid er like koseleg. Me har til og med våre på vareteljing i jula -flinke som me er.
Ferien har gått kjempefort, og eg anar ikkje kvar han har blitt av, men plutseleg ein morgon ringte vekkarklokka mi. Døgnrytma var verkeleg ute å køyrde, men eg kom meg i alle fall opp og rakk bussen.
Til slutt vil eg berre ynskje dykk eit godt nyttår! Satsar på at 2012 vert eit kjempebra år. Det har iallefall eg stor tru på.
Julestemning
Åj, såg no at eg ikkje har blogga sidan 5. desember, alt for dårleg. Eg for kome sterkare i romjula ein gong, men kjenner eg meg rett skjer det vel ikkje før neste år, eller noko.
I dag har eg pynta juletreet her heime. Me brukar alltid å gjer det vesle julafta, så det er eigentleg ein dag for tidleg. Men i år skal me feire jula inn med onkelen min inn i Steinsvika, og sidan me fer i morgon, vart treet pynta idag. Julestemning♥
Har stor tru på at det vert ei kjempekoseleg jul, sidan me vert samla heile 15 stk julafta. Tanter, onklar, søskenbarn, mormora og sjølvsagt foreldra og broren ♥



No skal eg pynte pepperkake hus, som eg har utsatt så alt for lenge. De for ha ei riktig god jul! :)
Lite blogging og pannelugg
Denne, som alle andre helger, har eg ikkje blogga noko. Har rett og slett gløymt av heile greia. Det har eigentleg ikkje skjedd noko heller, bortsett frå at eg har vore til frisør og klipt meg pannelugg. Eg veit ikkje kva eg synst om det enda, har ikkje greidd å venje meg til det.

Bilete er tatt med webcamera, og er forresten veldig fint.
JUL I BLÅFJELL
I morgon er det som dei aller fleste veit 1. desember. Då er det ei sjølvfølge med julekalendar og julebarnetv. I år er det Jul i Blåfjell som er på barnetv, og eg gler meg som ein liten unge! Elskar verkeleg nissebarnetv, det er noko av det koselegaste med førjulstida

Loooveit.
I går laga me forresten julekaker på skulen. Skulle eigentleg blogge om det i går, men var på korps, då det vart ikkje noko av. Uansett, så lagde eg og Lise amerikahavrekaker, og dei vart utruleg nok gode. Tru det eller ei.

På slutten gjekk me tom for mjelkesjokolade, så me måtte bruke mørk kokesjokolade. Men det gjekk, og kakene vart veldig gode. Synst eg i allefall. Eg var også grei, og tok med kaker til kjæringa mi på korps, sidan ho skulle ha mattetentamen i dag.
No er det forresten natt her. Har hatt litt problem med å kome meg opp morgonane i det siste, kjenner det skal verte ekstra godt med helg denne veka, sidan det var øvingshelg forige helg.
99 spørsmål
1. Siste du drakk: vatn
2. Siste telefonsamtale: Therese
3. Siste mottatte sms: Birte
4. Siste sangen du hørte på: Veit ikkje, ein julesong :)
5. Sist du gråt: Huskar ikkje.. Før helga ein gong sikkert
6. ville du hatt en med samme kjønn som kjæreste: Ja sjølvsagt! Neida. Nei
7. har du noen gang vært utro: Nei, det har eg ikkje vore.
8. har du tatt noe fra dine foreldre uten at de vet det: Haha, det har eg heilt sikkert gjort.
9. har du spist noe som er giftig: Ikkje som eg kjem på.
10. Dansing eller synging: Dansing
11. Cola eller Pepsi Max: Ingen av delane..
12. Jordbær eller bringebær: Jordbær
13. Facebook eller nettby: Facebook!
14. Svart eller hvit: Spørst kva
15. Har du fått nye venner i år: Ja, det har eg
16. Sluttet å være forelsket: Har ikkje vore forelska
17. Ledd til du har begynt å gråte: Ofte!
18. Møtt noen som har forandret deg: Ikkje som eg veit om.
19. Funnet ut hvem dine virkelige venner er: Ja.
20. Funnet ut at noen har snakket om deg bak din rygg: Mhm
21. Kysset noen fra din top friends liste: Japp
22. Har du kyssa mer enn en iår? Eeh, trur ikkje det.
23. Hvor mange barn vil du ha: 2-3
24. Har du kjæledyr: Nei, men har hatt kaniner.
25. Vil du forandre navnet ditt: Nei, hadde veldig lyst til det før, men hadde ikkje greidd å reagere på noko anna.

26. Hvordan feiret du din siste bursdag: Selskap med nokre venninder.
28. Hva gjorde du midnatt i går: Sov<3
29. Nevn noe du IKKE kan vente på: Åå, det er så mykje, men først og fremst juul!
30. Sist gang du så pappan din: I går kveld
31. Hva ville du forandra i livet ditt: Veit eigentleg ikkje.
32. Hva hører du på akkurat nå: Amanda som sit framom meg og smattar.
33. Har du noensinne pratet med en person som heter Victoria: Jaa
34. Hva går deg på nervene akkurat nå: At ho Amanda sit å trykkjer skjeva si opp i ansiktet mitt
36. Hva er ditt virkelige navn: Ann-Helen Torvik
37. Sivilstatus: Young, free ang singel
38. Stjernetegn: Kreps
39. Gutt eller jente: Jente, sist eg sjekka.
40. Alder: 16
41. Ungdomsskole: Dalsfjord
42. Videregående: Herøy vgs, avd. Vanylven.
43. Hårfarge: Raudleg
43. Langt eller kort hår: Ein mellomting
45. Høyde: 1.58 -1.59
46. Er du betatt av noen: Nei :)
48. Piercinger: I nasa.
49. Tattovering: Nei :)
50. Høyre- eller venstrehendt: Høgre

VILLE DU:
51. Kysset kjæresten til din bestevenninne: Nei
52. Sovet alene med åpenhimmel: Ikkje aleinee :S
53. Dumpet en venn framfor kjæresten: Kjem heilt an på situasjonen
54. Ha sprunget naken på en fotballbane bare for å komme på tven: Haha, neei
55. Brukt en hel dag på shopping: Neei, vert så fort lei av å gå i butikkar!
56. Kysset en av samme kjønn: Kem an på kven
57. Tatt på puppene/brystet til en av samme kjønn: Ja, sjølvsagt, elskar jenter. (Haha, neida)
58. Blottet deg for en du er glad i på web: Nei
59. Ha oppkaldt barnet ditt etter deg: Kanskje
60. Springet 1mil bare for å se noen du er glad i: Har eg ikkje kondis til.
AKKURAT NÅ:
61. Spiser: Knekkebrød med smør og kvitost
62. Drikker: Vatn
63. Nå skal jeg: Snart ha time, kommunikasjon
64. Venter på: Ikkje noko spesielt?
65. Hører på: Amanda og Therese som pratar om piercingar
66. Lyst på barn: Nei, men seinare
67. Lyst til å gifte deg: Ikkje enda.

HVA ER BEST MED DET MOTSATTE KJØNN?
69. Lepper eller øyne: Auger, trur eg
70. Kyss eller klem: Både og
71. Høyere eller lavere: Høgre, men det er ikkje så veldig viktig
72. Eldre eller yngre: Eldre
73. Romantisk eller spontan: Ei fin blanding
74. Fin mage eller fine armer: armar
75. Tattovering eller piercing: piercing
76. Voldsom eller forsiktig: Ein mellomting
77. Forhold eller bare lek: Kjem an på
78. Bråkmaker eller tilbakeholden: Ei blanding, ikkje for mykje av nokon av delene
HAR DU NOENSINNE:
79. Kysset en fremmed: Nei
80. Drukket sterk alkohol: Nei
81. Mista brillene/linsene: Nei, brukar verken briller eller linser
82. Sex på første date: Nei
83. Knust noens hjerte: Nei, trur ikkje det
84. Fått ditt eget hjerte knust: Nei, trur ikkje det heller
85. Blitt arrestert: Mhm. Neida
86. Takket nei til en invitasjon til date: Neei..
87. Grått når noen har dødd: Ja, sjølvsagt
88. Likt en venn som er gutt: Eeh, ikkje som eg kan hugse

TROR DU PÅ:
89. Deg selv: Eeh, av og til
90. Mirakler: Ja
91. Engler: Ja
92. Himmelen: Jaa
93. Nissen: Mhm, klart eg gjer!
94. Kyssing på første date: Ja
95. Kjærlighet ved førtse blikk: Kanskje?
SVAR HELT ÆRLIG:
96. Er det en person du har lyst til å være sammen med akkurat nå: Eeh, ikkje eigentleg
97. Hatt mer enn en kjæreste av gangen: Nei
98. Tror du det er mulig og være trofast for alltid: Ja, det gjer eg
99. Hva er den ene tingen du ikke kan leve uten: Venner, familie og mobilen min<3 Hehe

Lite å blogge om for tida..
Gårsdagen og øvingshelg.
I gårkveld fekk eg besøk av ho Birte, og sidan ho var vore stad å kjøpt seg bil (!!), så baka eg muffins til henne. Og det skjer ikkje ofte at eg laga noko mat av noko slag altså. Til gebursdagen min var det ho som laga all maten til selskapet, medan eg gjorde alle andre ting, snill som eg er.
Etterpå satt me oss til å skulle sjå film, the switch, men når me hadde sett litt ut i filmen ringte ho Pernille å sa at ho og han Anders kom på besøk. Så då starta me filmen på nytt så dei skulle få med seg kva som skjedde. Etter filmen satt me oss til å spele spel, esel-spel og witch-spel. Haha! Eg eigde alle i sistnevnte.

I dag har det vore øvingshelg med korpset. Eg har vore kjempetrøytt og har gått rundt å geispa heile dagen. I tillegg har mobilen min slutta å virke. Det er berre 4-5 timar sidan, men eg held på å verte sprø allereie. Får aldri melding eller noko, men eg er uansett heilt avhengig av den. Merkeleg med det.
No skal eg ein tur inn i Steinsvika til tuttene der inne. Har ikkje vore med dei sidan haustferien, så det vert nok koseleg.
Naturfagprøve og andre koselege ting
Akkurat no sit eg å øvar til naturfagsprøve, det er i allefall det eg skal gjere. Men sidan det er gørr kjedeleg, tok eg heller å blogga. Ikkje at eg har noko å blogge om, men..
På skulen i dag, var over halve klassa vekk, så me var berre sju stk. Ganske koseleg i grunnen. I engelsk timen hadde me ein kosetime, då song me songar medan læraren spelte gitar, og så fekk me julemannar.

Sidan me var så få, so satt me oss saman i hestesko -eller tresko, som ho Lise kallar det. 
Meg akkurat no. Naturfag er ikkje akkurat favorittfaget mitt. Så om det er nokon som har veldig lyst, skal eg ikkje nekte nokon å ta prøva for meg i morgon. Anyone?
York
Uups.. enda ein dag uten blogging i går, ikkje bra. Som unskyldning kan eg seie at eg hadde langdag på skulen, så var det rett heim for å gjere lekser før det var tid for korps.
Jaja, tilbake til overskrifta. Om akkurat sju månadar, på dagen faktisk, skal korpset på korpstur til York i England. Der skal me blandt anna på dagstur til Aidensfield!! Ææh! Haha..


Her trur eg me skal overnatte og slikt. Gler meg verkeleg som ein liten unge. Veit i grunnen ikkje noko særleg meir en at dette vert ein heilt utruleg artig tur. Det må det jo verte! Eller kva, Pernille?
Dette er ein blå torsk
Men ellers har me det berre bra

Day 10 -Korleis ordnar du håret ditt?
Lovte å skjerpe meg på måndag, så då startar på at med 25 days'en eg har heilt gløymt av.
Når eg ordnar håret mitt, gjer eg absolutt ingenverdens ting. Har håret ofte laust, eller berre i ein hestehale. Har verken tid eller ork til å gjere noko meir morgonane uansett. Hehe.
Lekkert, men her ser dykk korleis eg som oftast har håret mitt.
No har me nettopp hatt engelskprøve, noko som ikkje gjekk litt bra ein gong. 1. time måndag er verkeleg ikkje timen for å ha prøve.
Breaking Dawn
Hei!
Lite blogging denne veka, men har verkeleg ikkje orka å blogge noko. Latskap!
Uansett, I går var eg på kino og såg Breaking Dawn. Eg synst den var kjempebra, og gler meg allereie til del 2 kjem ut på kino. Var saman med Birte, Vilde og Nina, noko som alltid er like koseleg!
Før filmen byrja var me på rema for å kjøpe snop, litt for mykje snop. Så gjekk me opp på kinoen, alt for tidleg. Og sidan me var først, endte det med at eg og Birte telte gutar, sidan me trudde at det nesten berre kom til å vere jenter i salen. Overraskande nok var det mellom 20 og 30 gutar der. Er ikkje heilt sikker, sidan eg mista tellinga rundt 15.
Etter filmen gjekk me ned på ferjekaia sidan alt mulig var stengt og det ikkje var særleg mykje å ta seg til med i Volda klokka tolv i går kveld. Medan me stod der og venta på ferja, synest me det var rart at den aldri gjekk frå Folkestad, og sjekka derfor ferjeruta. Då såg me at ho Birte -smarta- hadde vore så opptatt med å sjå på laurdagsruta, at ho hadde sett på kva tid ferja gjekk frå Folkestad -ikkje Volda. Så då hadde me plutseleg enda ein halvtime å vente. Det var i grunnen ikkje så gale, sidan både eg og Vilde hadde fått i oss for mykje godteri, så tida gjekk eigentleg ganske fort.
Eg var visst trøttare en det eg hadde trudd, for bilturen frå Folkestad og inn til mormora mi, -der eg skulle overnatte- hugsar eg ingenting av. Trur eg sov, sjølv om eg eigentleg ikkje kan hugse at eg gjor det heller.
Einaste bilete eg tok i går. Smarta som ikkje fant mobilen sin..
Etter dette fantastisk interresante innlegget, skjønar dykk sikkert kvifor eg ikkje har blogga for heile veka. Menmen, eg sei som eg alltid sei om alt. Eg skal skjerpe meg -og eg startar måndag!
Men no er det tett før eg sovnar her eg sitt, så god natt. Me snakkast, -på måndag.
Oppsummering av helga -igjen
Har verkeleg ikkje orka å blogge denne helga. Merkar at helgeblogging ikkje er noko for meg. Har for ein gongs skyld gjort noko anna en å sitje heime å sture. På laurdag var eg skikkelig handy av meg og ordna felgane på vinterdekka mine. Er skikkeleg fornøgd, for dei såg veldig bra ut når eg var ferdig!
Før:
Etter:
Det ser ut som eg har juksa med redigering eller noko, men det var mørkare ute når eg tok det siste bilete. 
Hadde på meg fine briller og ei maske av eit kvart medan eg lakka. Haha, følte meg veldig fin.
Etterpå var eg inn med ho Pernille. Me laga pizza. Eg og Bob var skikkeleg flinke å hjelpe til. Han henta ost og rasp, medan eg raspa osten. Teamwork! Den vart veldig god. -Osten altså.
Etterpå gjekk me ned i kjellarstova for å ete is og sjå på tv. Det var i grunnen ganske koseleg.
På søndag var det farsdag, og som den kjekke dottera eg er, stod eg faktisk opp å laga til frukost til far min. Han fekk den til og med servert på senga. Som takk fekk eg høyre at det ikkje er råd å få sove her i huset - ca ein gong i timen. Neida.
Litt seinare vaska eg bil, både min og bror min sin. Ikkje gratis, sjølvsagt. Men eg har enda ikkje fått noko pengar.
Seinare på dagen kom ho mormor og han Roy -søskenbarnet mitt- til middag og kaker. Kjempekoseleg.
Etter skulen i dag får eg storslagent middagsbesøk av Vilde og Sunniva. Spørst om eg greier å forgifte begge to med maten min. Hehe, neida. Så gale er eg ikkje, berre nesten. Neida! Gler meg i allefall.
Day 9 -Ein ting du aldri kjem til å gjere
Halde ein slange! Eller ei mus! Uff. Hatar verkeleg slike kryp! Ein gong ramla eg ned heile trappa nede med besteforeldra mine fordi eg såg ei død mus i ei musefelle. Æsj. Det er det ekklaste eg ser. Eller, eg greier ikkje å sjå på det heller. Kjem det foreksempel ein slange på tv, må eg berre sjå vekk.
Og sidan eg verkeleg ikkje taklar verken mus eller slangar, så har eg ikkje tenkt å leggje ut bilete av det heller..
Er det noko du aldri kjem til å gjer?
Day 8 - Kva har du som bakgrunnsbilete på dataen din?
Bakrunnen på datamaskina mi er eit bilete av bestenmin. Saknar deg utruleg mykje ♥

Day 7 -Favoritt serie(r)
Eg er ein skikkelig tvslave! Kan sitje i alt for mange timar å sjå på tv. Ikkje bra. Uansett, her er dei seriane eg fylgjer med på. I tilfeldig rekkefølgje

Home and Away

One Tree Hill

Frustrerte fruer

Og sjølvsagt Grey's Anatomy
Frustrerte fruer og Grey's er ei sjølfølge på tirsdagar. Først korps, så er det rett heim til sofaen og ei episode med ein av dei. Alt ettersom kva som går på tv.
Forskjellig størrelse på på bileta, men dom som eg er, så får eg ikkje bileta til å verte ein annan størrelse uansett kva størrelse eg lasta dei opp i. Kanskje universet prøvar å fortelje meg at eg ikkje burde ha blogg? Jaja.
Day 6 - Din verste uvane
Eg har i grunnen fleire uvaner. Eg er skikkelig sjenert, eg snakkar lavt og mumlar på same tid -ikkje nokon god kombinasjon, og så rødmar eg alt for lett. Det som er det absolutt verste av desse, trur eg at må vere rødminga. Det skal ikkje meir til en at eg er nødt til å seie noko høgt i klassa, før eg ser ut som ein tomat. Seriøst, ikkje underdreve.
Hadde ikkje noko bilete som passa her, så det for greie seg med eit av meg og Birte for omlag eit år sidan ♥
Oppsummering av helga
Sidan eg ikkje posta noko anna en challenge greiene i helga, så tenkte eg at eg kunne fortelje kva eg gjorde på.
På fredag kom først ho Vilde ein tur, før me suste av garde på scooter inn i fjorden til ho Birte. Der såg me vaffelhjarte, laga brownies og åt NonStop. Veldig koseleg.


Laurdagen var eg atter ein gong inn i fjorden. Først var eg inn på fjøsneset ei stund til ho Birte kom heim att, då for eg inn dit og strikka. Eller, eg strikka, ho strikka, såg fotballkamp og sov.
Søndagen brukte eg også til å strikke og sjå cup-finale. Haha, med andre ord ei veldig innhaldsrik helg!
Day 5 -Ditt siste innkjøp
Haha, fant ut no at eg ikkje har kjøpt meg nokon ting sidan haustferien. Eg er absolutt ikkje noko stor fan av å gå i klesbutikkar. Vert så alt for fort leid! Uansett, mitt siste innkjøp er ein topp og ei dressjakke frå H&M. Trur eg i allefall. Det var den gongen Stine og Tonje leika Jan Thomas, og fann mykje klede eg skulle prøve. Det var i grunnen ganske gøy.

Hadde også tenkt å legge ut ei oppsummering av helga, sidan eg ikkje har lagt ut noko anna en desse challenge greiene, men det for eg ta igjen i morgon.
Me hadde forresten besøk av 10.klassingar på skulen i dag, så me hadde ein litt annerleides dag. For å få vise dei kva som skjer på Helse- og sosial så hadde me berre programfag. Me var også på kjøkkenet å laga mat, så me hadde felles lunsj med heile skulen, før det vart muffins og kanelsnurrar på HS-klassa.
No skal eg "scootre" meg ein tur (haha) inn til ho Therese, før det er kveldsmat saman med "gamlegjengen" frå ungdomsskulen. ♥
Day 4 -Mobilen din
Heiheei!
Eg har ein HTC desire S. Eg fekk den i gebursdagsgåve frå foreldra og bror min når eg vart 16 år. Elskar den, men eg saknar å ha tastatur. Sjølv om det er litt flaut å innrømme det, så greier eg nesten ikkje å gå og skrive melding samtidig.. Og eg skal liksom vere jente.
Day 3 -Noko du saknar

Besten min <3
Day 2 -Noko du gruar deg til
Hei!
Noko eg gruar meg til? Det må vere matteprøva me har på torsdag. Hatar verkeleg matte! No held me på med yrkesretta matte, noko eg ikkje forstår bæra av. Har til og med hatt ekstratime med matte for å forstå meg på det, men neida. Har riktig nok hatt berre ein ekstratime, men uansett. Det er sikkert ikkje så vanskeleg som eg skal ha det til, men når det kjem til matte er eg veldig dum.

Kva gruar du deg til ?

